Takk for i år!
Regncon XXXIV er over for denne gong. Tusen takk til alle som kom og spelte, arrangerte og hjelpte til!
Årsmøtet er rett rundt hjørnet! Me deler informasjon om det og om neste års festival så snart me har datoane.
Kva er Regncon?
Spelforeninga Regncon vart stifta som ein demokratisk medlemsorganisasjon i 1991.
Vår hovudaktivitet er å arrangera den årlege spelfestivalen Regncon, den bergenske festivalen for rollespel, brettspel, kortspel, miniatyrspel, cosplay og meir.
Styret består i 2026 av Simen de Lange, Grethe Cirashrii Just-Olsen, Emil Marholm Ask, og Thea Christina Saltnes Ramsøy.
Neste Regncon
Årets festival er over, og me er allereie i gang med å tenkja på den neste. Informasjon om tid, stad og billettar kjem her når planane er klare.
Vil du vera blant dei fyrste som får vita det? Følg med på Discord eller Facebook.
Medan du ventar kan du mimra over gamle Regncon-program.
Me er på Discord
Nokre hugsar kanskje dei dagane då Regncon hadde eit eige BBS-forum. Andre lurer fælt på kva BBS er, men uansett har me ikkje lenger det. Og Facebook har ikkje heilt den same sjarmen (sjølv om me er med der også).
Så me forsøker oss på Discord — post memer, arranger digitale rollespeløkter, diskuter kva spel som eigentleg er det beste, eller berre slå av ein prat.
Takk til våre støttespelarar:
Driv du med tipping eller lotto? Tenk gjerne på Regncon når du skal velja kor grasrotandelen din går!





