Vanlege spørsmål
Korleis melder eg interesse på spel?
Interessemelding skjer via program.regncon.no. Du loggar på med same epost som du kjøpte billett med, og set deretter interesse på dei spela du kunne tenkja deg å delta på. For kvart spel vel du om du er litt, middels eller veldig interessert. Du kan melda interesse på så mange spel du vil i kvar pulje, og du kan endra interessene dine heilt fram til pulja vert låst.
Kan du eller vil du ikkje bruka nettsida, kan du melda interesse i infodesken eller på innsjekk. Då hjelper me deg med å registrera interessene dine.
Kva betyr det å melda interesse på eit spel?
På Regncon har me ikkje ‘’førstemann til mølla’’ når det gjeld deltaking på spel. De melder kor interesserte de er, og så fordeler me dykk på spel. På denne måten sørger me for at så mange som mogleg får spela minst eitt spel dei er veldig interesserte i, i staden for at plassane går til dei som var raskast på tastaturet.
Korleis får eg vita kva eg har fått plass på?
Når fordelinga for ei pulje er klar, får du beskjed på nettsida. Logg inn på program.regncon.no og gå til Mitt festivalprogram – der står spela du har fått plass på, pulje for pulje, saman med rom når romfordelinga er publisert.
Du kan òg spørja i infodesken eller på innsjekk, så finn me ut kva du har blitt fordelt på. Du treng altså ikkje bruka nettsida for å få vita kva du skal spela.
Korleis fungerer fordelinga? (for dei spesielt interesserte)
Fordelinga vert gjord av ein algoritme, ei pulje om gongen i rekkjefølgje. For kvar kombinasjon av deltakar og spel reknar me ut ei poengsum, og algoritmen leitar så etter den samla fordelinga som gjev høgast total poengsum for heile pulja – ikkje den som er best for ein enkelt person.
Poengsummen byggjer på, i prioritert rekkjefølgje:
- Veldig interessert, og har ikkje fått eit førsteval endå. Dette er det viktigaste målet: alle skal få spela minst eitt spel dei verkeleg vil spela.
- Veldig interessert, men har alt fått eit førsteval tidlegare i helga.
- Middels interessert.
- Litt interessert.
Innanfor desse gruppene finst det nokre mindre justeringar, som kan avgjera mellom folk i same gruppe, men som aldri snur rekkjefølgja over:
- Du får eit påslag dersom du er spelleiar for minst eitt spel i løpet av helga. Spelleiarar vert sjølvsagt ikkje fordelte som deltakarar i den pulja dei sjølve held spel i.
- Du får eit påslag dersom du ikkje har fått plass på noko spel endå i helga.
- Du får eit aukande påslag for kvar tidlegare pulje der du ønskte eit førsteval, men ikkje fekk det. Dette påslaget har eit tak, og det byggjer berre på kva som faktisk har skjedd i puljer som alt er ferdig fordelte.
I tillegg vektar me det å få endå ein deltakar i stolen, slik at algoritmen fyller opp spela så langt det er fornuftig. Står to fordelingar heilt likt, vert det avgjort ved trekning. Trekninga er tilfeldig, men låst til pulja og året, så same utgangspunkt gjev alltid same resultat.
Til slutt ser arrangørane over resultatet. Spel som har fått færre enn tre deltakarar vert flagga for oss, og me kan i enkelte tilfelle plassera folk manuelt – til dømes for å få ei fornuftig aldersfordeling i spel med fleire grupper, eller for å løysa noko algoritmen ikkje kjenner til.
Varer eit spel heile pulja?
Dei fleste spela varer heile pulja, men det kan vera unntak, f.eks. kan Blood on the Clocktower ta langt kortare tid, og kan dermed lett kombinerast med ein tur i brettspelbaren.
Må eg ha med eigne karakterar til rollespel?
I dei fleste rollespela vert det utlevert ferdiglaga karakterar. Det kan også hende at ein startar spelet med å laga karakter, i spel der dette går raskt.
Eg har meldt meg på middagen. Vil eg gå glipp av noko spel då?
Nei, middagen er lagt opp for å passa med puljene.
Eg har ikkje meldt meg på middagen. Kva skal eg eta?
Årets festival går føre seg i Bergen sentrum, så det er rikeleg med stader å få tak på ein matbit i nærleiken.
Eg har problem med interessemeldinga.
Prøv å byta nettlesar (Chrome fungerer bra). Om du framleis har problem, gje oss ein lyd.